lørdag 16. desember 2017





Mauser M98




Mauser Modell 98 er det mest kjende av alle tyske gevær.

Det er ei fem skots repetér-rifle med bolt-sluttstykke og fast innebygd magasin. Det var standardgevær i den tyske hæren i første verdskrigen, så i Reichswehr etter denne, og i karabin-utgåve i andre verdskrigen.

 Det tyske standardkaliberet var 8x57 mm med tilføyinga IS.

Våpenet vart innført i den tyske hæren i 1898. Ti år seinare kom ei noko kortare utgåve. Mauser-konstruksjonen er svært robust og god, og vart eit førebilete for mange andre. Geværet vart produsert i masseomfang i om lag femti år, og vart bruka over mesta heile verda. Så mykje som 100 millionar eksemplar kan ha vorte produserte. Enno i dag er variantar i bruk, først og fremst som sivile pålitelege jaktgevær.

Dei viktigaste versjonane:

G98: Grunnversjonen, produsert frå 1898, tysk standardvåpen under første verdskrigen.

K98a: Ein kortare versjon (karabin) som kom i 1908, men som ikkje avløyste den lengre versjonen som standard.

K98k: Same lengd som K98a. Vart serieprodusert frå 1935 og innført som standardvåpen i Wehrmacht. Over 12 millionar K98k vart produserte før 1945.

Mauser-gevær vart produserte på lisens i ei rekkje land, blant dei Sverige, Spania, Iran og Chile. Dei skil seg mest i kaliber.

I Noreg vart etterlatne Mauser-karabinar bruka i Hæren og særleg i Heimevernet etter okkupasjonen var over. Desse våpna fekk etter kvart nye løp i kaliber 7,62x63 mm (.30-06), som var det daverande amerikanske standard-kaliberet. Kongsberg Våpenfabrikk laga òg eigne versjonar, som vart bruka som skarpskyttargevær i militæret og som skyttarlagsvåpen. I det siste tilfellet i kaliber 6,5x55 mm.

 





mauser.jpg mauser mauser bajonett.jpg

Last ned:

Lagt inn 1. mai 2012 av Frode Gullstein

 
 

Bli medlem i dag!

For kun kr 150,- blir du medlem i Kvalvik Forts Venner. Fyll ut skjemaet nedenfor og vi sender deg en giro!
CAPTCHA image
Skriv koden ovenfor:




Støtt oss gjennom grasrotandelen:
Send GRASROTANDELEN 983779026 til 2020 (tjenesten er gratis)
Eller last ned og ta med når du tipper hos kommisjonær
 

Hjelp oss å hjelpe!

Klikk på, last ned, skriv ut og heng opp plakaten i ditt nærområde:

(C) Kvalvik Forts Venner - sponset av Ramvik AS - www.ramvik.no